Talevanskar

Dysartri (dårleg artikulasjon) er utydeleg tale eller vanskar med å uttale ord. Dysartri skuldast lamming i muskulaturen etter sjukdom eller skade i taleorganet eller nervane som kontrollerer dette. I motsetnad til ein person med afasi, kan ein person med dysartri lese, skrive og produsere grammatisk korrekte setningar. Dei har heller ingen vanskar med å forstå språk. Følgjande symptom kan oppstå:

  • Personen snakkar gjerne langsamt
  • Talen blir ofte omtala som snøvlete
  • Muskelbevegelsane i munn, tunge og lepper kan bli langsame, svake, upresise og/eller ukoordinerte
  • Stemma og setningsmelodien er ofte avvikande
  • Spise- og svelgevanskar (dysfagi) kan opptre saman med dysartri

Taleapraksi fører til vanskar med viljestyrt produksjon av tale. Følgjande symptom kan oppstå:

  • Vanskar med å uttale lydar og ord riktig
  • Det oppstår ofte lydforvekslingar
  • Ved feil uttale prøver gjerne personen å korrigere seg sjølv
  • Korleis eit ord blir uttala varierer frå gong til gong

Taleapraksi skil seg frå dysartri fordi det ikkje er lamming av muskulaturen som er årsaka til vanskane. Taleapraksi definerast som ein artikulatorisk-motorisk programmeringsvanske.

Lag din egen hjemmeside gratis!