Nye kundar

Kva må du gjere dersom du treng behandling hos logoped?

For å få dekka utgiftene til logoped treng du tilvising (henvisning) frå lege før behandlinga kan ta til. Tilvisinga må innehalde:

  • Dato for legens vurdering
  • Helserelatert diagnose
  • Behov for heimebesøk? Då treng du legeerklæring
  • Namn/underskrift og helsepersonellnummer på tilvisande lege
  • Ved stemmevanskar ligg ofte diagnose og beskriving frå ØNH-spesialist til grunn for behandlinga

Eg har direkteoppgjer med Helfo (Helseøkonomiforvaltninga). Det betyr at du som kunde ikkje treng betale noko dersom du har tilvising som kjem under Folketrygdlova (sjå Lovverk under).

Dersom du ikkje har tilvising frå lege må du dekke utgiftene sjølve. 

Du finn dei viktigaste prisane under fana Prisar, samt lenke til Helfo sine takstar og informasjon om betaling ved for seint avbestilt time/ikkje-møtt til time. 

Lovverk

Retten til å få dekka utgifter til undersøking og behandling hos privatpraktiserande logoped er heimla i Folketrygdlova § 5-10. Det er eit vilkår for rett til stønad at det ligg til grunn tilvising frå lege. Behandlinga må vere av vesentleg betydning for personens sjukdom og funksjonsevne.


Lag din egen hjemmeside gratis!