Praktisk informasjon

Pasientreiser

Eg kan rekvirere transport til deg dersom du av helsemessige årsaker ikkje kan køyre sjølve eller bruke rutegåande transport. Det er fastlegen din som bestemmer om du har rett på pasientreiser. Årsaker til at ein person ikkje kan ordne reisa sjølv kan vere:

  • Betydeleg redusert orienteringsevne
  • Betydeleg redusert allmenntilstand
  • Du har psykiske problem som gjer det vanskeleg å gjennomføre reisa med offentleg transport eller eigen bil
  • Redusert evne til å flytte på deg
  • Problem med å gå, komme deg inn og ut av eit transportmiddel eller har behov for tilrettelagt transportmiddel

Informasjonen er henta frå pasientreiser.no:

https://pasientreiser.no/helsepersonell/rekvirere-transport#veileder-for-rekvirenter 

Lokalisasjon og parkering

Kontoret i Andreas Gjellesviks veg 16 er i same bygg som Murmester Sigurd Djønne. 

Kontoret ligg på bakkeplan og har rampe for rullestol. Toalett innerst i gangen. 

Det er gratis parkering på sida av bygget (mellom legekontoret og Murmester Sigurd Djønne) 

Treng du heimebesøk?

Dersom du treng heimebesøk av helsemessige årsaker må du ha legeerklæring. Kontakt din fastlege eller spesialist og be om skriftlig legeerklæring

Bilder frå Andreas Gjellesviks veg 16 i Indre Arna

Lag din egen hjemmeside gratis!