Taleflytvanskar

Taleflytvanskar inneber stamming og løpsk tale.

Kjenneteikn ved stamming er repetisjonar, forlenging og blokkering av ord og språklydar. I tillegg til den høyrbare stamminga, er vansken forbunde med synleg tilleggsåtferd (ulike kroppsrørsler). Stamminga kan også vere usynleg (bytte ut ord eller unngå spesifikke situasjonar). Ved stamming kan det oppstå følelsar som bekymring og redsle for å bli oppfatta som annleis og bli vurdert negativt av andre. Ein person kan velje å skjule stamminga fordi han/ho tenker at stamming er noko feil eller uønskt. Stamming kan verke inn på livskvalitet og viktige val i livet.

Løpsk tale kan kjenneteiknast ved utydeleg artikulasjon, gjentaking av ord/stavingar, utelate lydar/stavingar, snakke fort og støtvis, vanskar med å finne ord (ordleiting), vanskar med setningsoppbygging, redusert merksemd (også merksemd for samtalepartnaren) og vanskar med å halde tråden i samtalen grunna mange digresjonar og assosiasjonar. Sannsynlegvis har løpsk tale eit nevrologisk opphav, og mange er ikkje klar over vansken sin.

Det er anslått at det er like mange personar med løpsk tale som stamming, om lag 50.000 nordmenn.

Informasjonen er henta frå Norsk interesseforening for stamming og løpsk tale (NIFS) si nettside: https://www.stamming.no/

Lag din egen hjemmeside gratis!