LSVT LOUD

Lee Silverman Voice Treatment (LSVT) LOUD er eit intensivt stemme- og talebehandlingsprogram utvikla for personar med Parkinson sjukdom. Nyare og førebels forsking viser at programmet også kan ha effekt ved andre tilstandar. Til dømes for personar som etter hjerneslag har fått svak stemme, ved multiple sclerose, cerebral parese og Down syndrom.

Intensiv behandling betyr 16 behandlingar i fire samanhengande veker (60 minutt dagleg, fire dagar i veka, i fire veker). Eigentrening kvar dag er ein sentral del av behandlinga. Det er også anbefalt å fortsette eigentreninga 10-15 minutt kvar dag i etterkant. Det kan vere behov for fleire behandlingar enn dei nemnde 16. I tillegg kan ny behandlingsperiode utførast ved behov.

Hovudmålsettinga med LSVT LOUD er å auke evna til å bruke høgare/normal stemmestyrke i dagleglivet. Ein del av symptoma ved Parkinson sjukdom er at personen sjølv trur han/ho snakkar med normal stemmestyrke, medan stemma i realiteten er låg/svak (dei føler at dei ropar når stemmestyrken er normal). I tillegg til auka stemmestyrke kan LSVT LOUD føre til betre artikulasjon, ansiktsmimikk og svelgfunksjon. Forsking viser at ein person med Parkinson sjukdom kan oppretthalde god stemmestyrke i inntil to år etter behandlinga.

Det er anbefalt å starte behandlinga tidleg og så snart Parkinson-diagnosen er sett. Det er ikkje anbefalt å vente til symptoma viser seg. Dette fordi endringar i hjernen allereie er starta. Unge personar med Parkinson sjukdom er særleg anbefalt å starte tidleg. Yngre personar har ofte større krav til yrkesaktivitet og familieliv enn eldre personar.

Ta kontakt dersom du ønsker å vite meir eller få ei vurdering av om LSVT LOUD er noko for deg eller nokon du kjenner.

Det er krav om sertifisering for å kunne tilby LSVT LOUD. Eg er sertifisert via online kurs på www.lsvtglobal.com/

Lag din egen hjemmeside gratis!