Velkomen til privatpraktiserande logoped Sølvi K. Halleland MNLL (Medlem Norsk Logopedlag)

Eg tilbyr logopedtenester til vaksne med språk- og talevanskar (afasi, dysartri og taleapraksi), spise- og svelgevanskar (dysfagi), stemmevanskar og taleflytvanskar (stamming og løpsk tale).

Eg er sertifisert for nevromuskulær elektrostimulering (NMES) med VitalStim i behandling av spise- og svelgevanskar og for LSVT LOUD (intensiv tale- og stemmetrening).

Praksisen dekker hovudsakleg bydelane Arna og Åsane, og kommunane Vaksdal Osterøy og Samnanger.

I hovudsak tar eg imot kundar på kontoret på Storaneset 12 i Indre Arna.

Heimebesøk og videokonsultasjonar blir vurdert individuelt.

Eg reiser ut til institusjonar/omsorgsbustader i nemnde område etter kapasitet.

Smittevern

I min praksis held eg meg til gjeldande smittevernreglar frå Helsedirektoratet. For logopedar er det rettleiaren Smittevernfaglig forsvarlig drift i helsevirksomheter med én-til-én-kontakt (covid-19) som gjeld. I tillegg har Norsk Logopedlag (NLL) utarbeida eigne smittevernråd for yrkesgruppa:

Oppdaterte Smittevernråd for logopeder