Stemmevanskar

Stemmevanskar kan delast i funksjonelle, organiske og nevrologiske stemmevanskar. Funksjonelle stemmevanskar er feil eller anstrengt bruk av stemma over tid. Stemmevanskane kjem av spente musklar i nakke, hals, strupe og/eller kjeve. Pusten kan også vere anstrengt. Vanskane kan vise seg som avvikande stemmekvalitet. Til dømes kan stemma vere svak, hes, ru, luftfylt, pressa eller skjelvande. Smerter eller ubehag i stemmeapparatet kan også oppstå. Ved undersøking hos ØNH-spesialist vil det ved funksjonelle stemmevanskar ikkje vise synlege skadar på stemmebanda. Ved overbelastning kan funksjonelle stemmevanskar likevel føre til synlege endringar på stemmebanda (funksjonelt-organiske stemmevanskar). Endringane på stemmebanda kan då vise seg som hevelse eller stemmebandsknutar.

Organiske stemmevanskar skuldast sjukdom eller skade i strupen som verkar inn på stemmedanninga (fonasjonen). Ytre skade som slag mot strupen kan til dømes føre til organiske stemmevanskar. Ved ØNH-undersøking blir det funne endringar som utvekstar, ødem eller endring i stemmebandas bevegelsar.

Nevrologiske stemmevanskar oppstår ved svikt i nervesignala som blant anna styrer stemmebanda. Vanskane kan oppstå etter skade, sjukdom eller ved svulstar. Døme er stemmebands-/recurrenseparese eller vanskar som følgje av Parkinsons sjukdom, amyotrofisk lateralsklerose (ALS), eller multippel sklerose (MS).

Alle typar stemmevanskar bør undersøkast hos ØNH-spesialist for forhold i strupen. Beskrivinga/diagnosen frå ØNH er grunnlaget for arbeidet med stemmevansken hos logoped. Ei ØNH-undersøking kan avdekke eller avkrefte alvorleg sjukdom og eventuelt stadfeste om det er funksjonelle forhold som er årsaka til stemmevansken.


Lag din egen hjemmeside gratis!