Spise- og svelgevanskar (dysfagi)
Spise og svelgevanskar (dysfagi)
Dysfagi er vanskar eller ubehag med å tygge og/eller svelge mat og drikke. Dysfagi oppstår ofte etter hjerneslag, men også ved andre sjukdomar og skadar. Her er ei liste over nokre teikn og symptom på svelgevanskar:
- Smerter i munnen eller svelget ved svelging
- Vanskar med å tygge mat
- Sikling (mat/drikke renn ut av munnen)
- Restar i munnen etter måltid
- Forseinka igangsetjing av svelging (held mat/drikke i munnen meir enn 3 sek. etter tygging, eller held drikke ei stund i munnen før svelging)
- Hes eller «gurglete» stemmekvalitet etter svelging
- Endra pustemønster/vanskar med å puste etter svelging
- Hoste/kremting ved måltid
- Set i halsen
- Mat/drikke kjem opp i nasen
- Bruker meir enn 30 minutt på eit måltid
- Gjentatte lungebetennelser (pneumonier)
- Vanskar med å halde vekta
- Unngår enkelte matvarer
- Nedsett appetitt
- Unngår å ete saman med andre
Behandling av dysfagi
I behandlinga av dysfagi er eg sertifisert for å bruke NMES (nevromuskulær elektrostimulering) med VitalStim. NMES er elektrisk stimulering av nervar og musklar involvert ved tygging og svelging. Den øvste lukkemuskelen i spiserøret (øvre sfinkter) kan også behandlast med VitalStim.
Dersom du ønsker å lese meir om dysfagi kan du til klikke på denne lenka: https://afasi.no/2018/06/03/hva-er-dysfagi/