ParkinsonNet
Eg er registrert som fagperson i ParkinsonNet. Det inneber at eg jevnlig deltar på kurs for å lære meir om Parkinson sjukdom og korleis eg som logoped kan tilnærme meg personar med denne diagnosen. Andre faggrupper som deltar i same nettverk er fysioterapeut, ergoterapeut og sjukepleiar. Det vil sei at alle fagpersonar som er med i nettverket også får informasjon om korleis andre faggrupper jobbar. I tillegg til nevnte faggrupper, kan me til dømes også få informasjon frå ernæringsfysiolog, tannlege og nevrolog.
På nettstaden ParkinsonNet.no finn du oversikt over alle behandlarar som er registrert (ParkinsonNet.no - Fagpersonregister - merk av aktuelt område og faggruppe).