Om meg

Praksis

Eg har praktisert som logoped sidan februar 2018. I desember 2020 starta eg fulltid som privatpraktiserande logoped i Gjøvik. Praksisen blei flytta heim til vestlandet og Arna bydel hausten 2021.

Frå februar 2018 til desember 2020 jobba eg 100% i Sykehuset Innlandet Gjøvik. Stillinga var fordelt på 50% i spesialisthelsetenesta ved avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (Solås) og 50% ved medisinsk avdeling på sjukehuset.

Utdanning

Våren 2018 fullførde eg Erfaringsbasert master i logopedi ved NTNU i Trondheim. Eg fullførde med masterprosjektet Parkinson sjukdom og tale- og stemmerelatert livskvalitet – ein litteraturstudie med vekt på subjektive opplevingar. Hovudmålet med prosjektet var å få innsikt i og setje søkelys på korleis personar med Parkinson sjukdom opplever livskvaliteten i samband med tale- og stemmevanskar. Eg har førskulelærarutdanning ved Høgskulen i Bergen (våren 1999) som grunnutdanning.

Kurs og sertifiseringar

  • NMES (Nevromuskulær elektrostimulering) med VitalStim i behandling av spise- og svelgevanskar (2019)
  • Fagperson i ParkinsonNet
  • LSVT LOUD (2020) og PLVT (intensiv tale- og stemmetrening)
  • Modak (ein strukturert framgangsmåte i afasiundervisninga)
  • DIAS (Testverktøy for diagnostisering av erverva taleapraksi hos vaksne)
Lag din egen hjemmeside gratis!