Smittevernreglar og ein til ein konsultasjonar.

I min praksis held eg meg til gjeldande smittevernreglar frå Helsedirektoratet. Norsk Logopedlag (NLL) har og utarbeida eigne smittevernråd for yrkesgruppa. I samband med pandemiutbrotet blei det opna for videokonsultasjonar, og vil bli eit tilbod etterkvart.

Tjenester

Språkvanskar


Språkvanskar (afasi) betyr å ha vanskar med kommunikasjon. Afasi er språkvanskar etter ein skade i hjernen. Afasi kan gjere det vanskelegare å:

Talevanskar


Dysartri (dårleg artikulasjon) er utydeleg tale eller vanskar med å uttale ord. Dysartri skuldast lamming i muskulaturen etter sjukdom eller skade i taleorganet eller nervane som kontrollerer dette. I motsetnad til ein person med afasi, kan ein person med dysartri lese, skrive og produsere grammatisk korrekte setningar. Dei har heller ingen vanskar med å forstå språk. Følgjande symptom kan oppstå:

Taleapraksi fører til vanskar med viljestyrt produksjon av tale. Følgjande symptom kan oppstå:

Taleapraksi skil seg frå dysartri fordi det ikkje er lamming av muskulaturen som er årsaka til vanskane. Taleapraksi definerast som ein artikulatorisk-motorisk programmeringsvanske.

Spise og svelgvanskar (dysfagi)


Dysfagi er vanskar eller ubehag med å tygge og/eller svelge mat og drikke. Dysfagi oppstår ofte etter hjerneslag, men også ved andre sjukdomar og skadar. Her er ei liste over nokre teikn og symptom på svelgevanskar:

Behandling av dysfagi


I behandlinga av dysfagi er eg sertifisert for å bruke nevromuskulær elektrostimulering (NMES) med VitalStim. NMES er elektrisk stimulering av nervar og musklar involvert ved tygging og svelging. Den øvste lukkemuskelen i spiserøret (øvre sfinkter) kan også behandlast med VitalStim.

Dersom du ønsker å lese meir om dysfagi kan du til klikke på denne lenka: Hva er dysfagi?

Stemmevanskar


Stemmevanskar kan delast i funksjonelle, organiske og nevrologiske stemmevanskar. Funksjonelle stemmevanskar er feil eller anstrengt bruk av stemma over tid. Stemmevanskane kjem av spente musklar i nakke, hals, strupe og/eller kjeve. Pusten kan også vere anstrengt. Vanskane kan vise seg som avvikande stemmekvalitet. Til dømes kan stemma vere svak, hes, ru, luftfylt, pressa eller skjelvande. Smerter eller ubehag i stemmeapparatet kan også oppstå. Ved undersøking hos ØNH-spesialist vil det ved funksjonelle stemmevanskar ikkje vise synlege skadar på stemmebanda. Ved overbelastning kan funksjonelle stemmevanskar likevel føre til synlege endringar på stemmebanda (funksjonelt-organiske stemmevanskar). Endringane på stemmebanda kan då vise seg som hevelse eller stemmebandsknutar.

Organiske stemmevanskar skuldast sjukdom eller skade i strupen som verkar inn på stemmedanninga (fonasjonen). Ytre skade som slag mot strupen kan til dømes føre til organiske stemmevanskar. Ved ØNH-undersøking blir det funne endringar som utvekstar, ødem eller endring i stemmebandas bevegelsar.

Nevrologiske stemmevanskar oppstår ved svikt i nervesignala som blant anna styrer stemmebanda. Vanskane kan oppstå etter skade, sjukdom eller ved svulstar. Døme er stemmebands-/recurrenseparese eller stemmevanskar som følgje av Parkinsons sjukdom, amyotrofisk lateralsklerose (ALS), eller multippel sklerose (MS).

Eksempler er stemmebandsparese/recurrenseparese eller stemmevansker som følge av Parkinson sykdom (PS), amyotrofisk lateralsklerose (ALS), eller multippel sklerose (MS).

Alle typar stemmevanskar bør undersøkast hos ØNH-spesialist for forhold i strupen. Beskrivinga/diagnosen frå ØNH er grunnlaget for arbeidet med stemmevansken hos logoped. Ei ØNH-undersøking kan avdekke eller avkrefte alvorleg sjukdom og eventuelt stadfeste om det er funksjonelle forhold som er årsaka til stemmevansken.

Taleflytvanskar


Taleflytvanskar inneber stamming og løpsk tale.

Kjenneteikn ved stamming er repetisjonar, forlenging og blokkering av ord og språklydar. I tillegg til den høyrbare stamminga, er vansken forbunde med synleg tilleggsåtferd (ulike kroppsrørsler). Stamminga kan også vere usynleg (bytte ut ord eller unngå spesifikke situasjonar). Ved stamming kan det oppstå følelsar som bekymring og redsle for å bli oppfatta som annleis og bli vurdert negativt av andre. Ein person kan velje å skjule stamminga fordi han/ho tenker at stamming er noko feil eller uønskt. Stamming kan verke inn på livskvalitet og viktige val i livet.

Løpsk tale kan kjenneteiknast ved utydeleg artikulasjon, gjentaking av ord/stavingar, utelate lydar/stavingar, snakke fort og støtvis, vanskar med å finne ord (ordleiting), vanskar med setningsoppbygging, redusert merksemd (også merksemd for samtalepartnaren) og vanskar med å halde tråden i samtalen grunna mange digresjonar og assosiasjonar. Sannsynlegvis har løpsk tale eit nevrologisk opphav, og mange er ikkje klar over vansken sin.

Det er anslått at det er like mange personar med løpsk tale som stamming, om lag 50.000 nordmenn.

Informasjonen er henta frå Norsk interesseforening for stamming og løpsk tale (NIFS)

LSVT LOUD


Lee Silverman Voice Treatment (LSVT) LOUD er eit intensivt stemme- og talebehandlingsprogram utvikla for personar med Parkinson sjukdom. Nyare og førebels forsking viser at programmet også kan ha effekt ved andre tilstandar. Til dømes for personar som etter hjerneslag har fått svak stemme, ved multiple sclerose, cerebral parese og Down syndrom.

Intensiv behandling betyr 16 behandlingar i fire samanhengande veker (60 minutt dagleg, fire dagar i veka, i fire veker). Eigentrening kvar dag er ein sentral del av behandlinga. Det er også anbefalt å fortsette eigentreninga 10-15 minutt kvar dag i etterkant. Det kan vere behov for fleire behandlingar enn dei nemnde 16. I tillegg kan ny behandlingsperiode utførast ved behov.

Hovudmålsettinga med LSVT LOUD er å auke evna til å bruke høgare/normal stemmestyrke i dagleglivet. Ein del av symptoma ved Parkinson sjukdom er at personen sjølv trur han/ho snakkar med normal stemmestyrke, medan stemma i realiteten er låg/svak (dei føler at dei ropar når stemmestyrken er normal). I tillegg til auka stemmestyrke kan LSVT LOUD føre til betre artikulasjon, ansiktsmimikk og svelgfunksjon. Forsking viser at ein person med Parkinson sjukdom kan oppretthalde god stemmestyrke i inntil to år etter behandlinga.

Det er anbefalt å starte behandlinga tidleg og så snart Parkinson-diagnosen er sett. Det er ikkje anbefalt å vente til symptoma viser seg. Dette fordi endringar i hjernen allereie er starta. Unge personar med Parkinson sjukdom er særleg anbefalt å starte tidleg. Yngre personar har ofte større krav til yrkesaktivitet og familieliv enn eldre personar.

Ta kontakt dersom du ønsker å vite meir eller få ei vurdering av om LSVT LOUD er noko for deg eller nokon du kjenner.

Det er krav om sertifisering for å kunne tilby LSVT LOUD. Eg er sertifisert via online kurs på LSFTglobal