Nye kundar


Kva må du gjere dersom du treng logoped?

For å få dekka utgiftene til logoped treng du tilvising frå lege før behandlinga kan ta til. Tilvisinga må innehalde:

Eg har direkteoppgjer med Helfo (Helseøkonomiforvaltninga).

Dersom du ikkje har/får tilvising frå lege må du dekke utgiftene sjølve. Prisar finn du under eiga fane.

Lovverk

Retten til å få dekka utgifter til undersøking og behandling hos privatpraktiserande logoped er heimla i Folketrygdlova § 5-10. Det er eit vilkår for rett til stønad at det ligg til grunn tilvising frå lege. Behandlinga må vere av vesentleg betydning for personens sjukdom og funksjonsevne.

Prisar

Eg føl Helse- og omsorgsdepartementet sine takstar for undersøking/behandling hos logoped sist fastsett frå 01.november 2020. Takstane som gjeld videokonsultasjonar blei fastsett 23. mars 2020 i samband med utbrot av SARS-CoV-2-viruset (gjeld fram til 01.juli 2021).

Dei viktigaste honorartakstane finn du her: Honorartakster for undersøkelse/behandling logoped/audiopedagog

Andre Prisar

Eigendel for elektrodar ved bruk av VitalStim er sett til kr 50,- per sett (til dømes kan eigendelen svare til kr 400-600,- for 25 behandlingar).

Endring/avbestilling av time må skje seinast innan 24 timar før oppsett tid. Eigendel ved for seint avbestilt time eller ikkje til møtt til time er sett til kr 500,- (Helfo dekker ikkje desse timane).

Praktisk informasjon


Lokalisasjon

Kontorlokala er i 3. etasje på Storaneset 12 i Indre Arna (på nedsida av Oddvar Bjelde). For å kome til kontoret går du via hovudinngangen (hovuddøra er låst, så eg opnar eller møter deg når du kjem). Vidare kan du gå trapp eller ta heis til tredje etasje.

Parkering

Det er merka for besøkande til Storaneset 12 og 16 på begge sider når du køyrer mot bygget.

Pasientreiser

Eg kan rekvirere transport til deg dersom du av helsemessige årsaker ikkje kan kjøre sjølve eller bruke rutegåande transport. Det er fastlegen din som bestemmer om du har rett på pasientreiser. Årsaker til at ein person ikkje kan ordne reisa sjølv:

Informasjonen er henta frå pasientreiser.no